Bli med Kjell Bertel til Nordfjordrittet lørdag 3. juni.

Laurdag 3.juni vert Nordfjordrittet arrangert for 5.gong.
Rittet er eit 125 km langt landeveisritt med 2000 høgdemeter, gjennom 3 kommunar; – Eid, Stryn og Gloppen.
Starten finn stad på ferjeleiet på Lote. Deretter føl ein Panoramaveien til Blakset, og så vidare til Stryn, Loen, Olden, Innvik, over Utvikfjellet til Byrkjelo, Reed, Sandane og målgang på Vereide.

Løypa er nesten like fargerik som ein sykkeltur gjennom målarskrinet til Nikolai Astrup! I tillegg til at Nordfjordrittet har sin sjølvsagte eigenverdi, vil det dessutan i år kunne fungere som effektiv oppkjøyring til Bergen – Voss (laurdag 10.juni).

Så difor gode BCK-medlem, – dersom du kan tenke deg å bli med og treng gratis overnatting frå fredagen til laurdag, så ta gjerne kontakt med underteikna. Eg har hus og heim i Breim. Tar du med sovepose, kan vi få plass til mange!

Mvh Kjell Bertel Nyland
Mobil: 905 71 586.