JOTUNHEIMEN RUNDT 4-5. juli 2014

Gode medsyklistar!
Me hev teke fatt på eit nytt og spanande sykkelår.  Interessa for å delta på turritt ser ut til å avta noko dette året.  Kva det skuldast skal vera uvisst, men bilete er truleg samansatt.  Heldigvis er det framleis mange tilårskomne kvinnor og menn som vil nytta høve til å realisera seg på den sportslege fronten også i år.Medan sykkelsesongen er ferdig for dei fleste før mai er omme, er det endå mange flotte ritt på den tida av året kor det er best å sykla på våre breiddegrader.  Eit av desse er styrkjeprøva Jotunheimen Rundt. I år går dette rittet av stabelen fredag den 4. juli kl. 21.05 frå Lærdal.

Også i år vil me i BergenCK prøva å få til eit fellesopplegg i samband med dette vakre rittet, som går gjennom storslått natur.  Dette er ikkje eit ekspressopplegg, men her skal me ha høve til nyta turen.  I fjor var me ca. 15 – 20 ryttarar som stilte til start, og 16 kom samla i mål.  Me hadde ein fin tur, med som vanleg store kulturelle, sosiale og sportslege innslag.

Intensjonen med opplegget er at me skal køyra som eit lag frå start i Lærdal til målgang i Sogndal, kor me skal utnytta føremonene med det å køyra som eit lag med rullering og godt samarbeid til beste for alle. Målsetjinga med omsyn til tid vil vera ein stad 16-18 timar.  Dette skal fyrst og fremst vera ei sosial, kulturell og sportsleg hending for deltakarane, med gode pausar for inntak av mat og drikke.  Dersom nokon av oss punkterer eller får andre tekniske problem, skal me vera solidariske og venta på vedkomande.

Dei av dykk som tykkjer dette er interessant og som kan tenkja seg å vera ein del av dette fellesopplegget, kan ta kontakt med underteikna.  Fint om interesserte gjev melding på e-mail.

NB!!!  Ein viktig føresetnad for deltaking på dette rittet, er at verprognosene er nokolunde oppløftande.  Underteikna kjem ikkje til å delta, dersom det er ikkje er meldt rimeleg godt ver.Me vil prøva å få til mest mogeleg fellestransport frå Bergen til Lærdal og attende, med avreise seinast kl. 14.00 frå Bergen fredag den 4. juli.  Dei som har kjøretøy til disposisjon vert bedne om å gje melding til underteikna.  Rittet startar om kvelden fredag den 04.07, og i høve til den sluttida me tek sikte på så startar me kl. 21.05 (slik som i fjor).Dette er i utgangspunktet eit opplegg som er open for alle som er interessert enten dei er lem av BergenCK eller andre klubbar! Eg vil oppmoda dei av dykk som er lem av BergenCK å gje melding til meg om det i e-mailen innan 20. juni 2014. Eg vil også oppmoda dei av dykk som er interessert i sosialt og kulturelt samver etter rittet, å overnatta i Sogndal.

Kontaktperson:
Sigbjørn John Huun
sihuu(alfakrøll)innovasjonnorge.no eller 91 60 88 51

Hellebust Jotunheimen 2013